Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
Amerika
 

 

   
Grand Canyon
Tekst: Scandion
 Publiseringsdato: 06.03.2005
 
Eit område der ein kan følgje livets utvikling gjennom store delar av jorda si historie, er Grand Canyon, Coloradoelva si djupe dalkløft i Arizona, USA. 

Grand Canyon er ein dal som er 450 km lang, opptil 30 km brei og 1500 - 1800 meter djup med delvis loddrette veggar. 
Området er ein stor turistattraksjon, og ein del av Grand Canyon National Park - som vart oppretta i 1919. Dalen er danna ved elveerosjon etter tertiertidas slutt, og er eit av geologien sitt klassiske forskningsområder. 

Her finn ein verdas finaste "Arkiv" av fossilar, ei fullstendig eineståande samling frå fleire ulike jordperiodar. Lag på lag viser plante- og dyreverda si utvikling heilt frå dei eldste tider. 

Funn av forsteina plantar og dyr viser at liv har eksistert på jorda i mange hundre millionar år. Livet i dei tidlegaste tider bestod berre av enkle organismar som bakterier og alger. Innanfor områder der lag frå ulike geologiske periodar er avleira, kan ein følgje livet si utvikling frå enkle organismar til meir kompliserte plantar og dyr. 

Fossil, eller forsteiningar, kallar ein restar, avtrykk eller spor etter plantar og dyr som levde i tidligare tider, og er blitt bevart i sedimentære bergartar, kvae, torv, is, asfalt osv. Det er først og fremst faste delar av organismane (skjelett, skal, stengler, blad) som blir bevart, men det hender at mjuke delar også blir forsteina. Endå skjeldnare kan heile dyr bli bevart; insekt i rav, mammut i frossen jord. Den største delen fortidsorganismar blir sporlaust borte, men likevel kjenner ein til omlag ein halv million ulike fossile artar. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no