Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Leksikon
1. verdskrig
 

   

 
Slaget om Atlanterhavet
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.11.2003

Det kanskje mest omdiskuterte av alle våpen er ubåten. Ideen er gammal, men ubåtar som var brukbare i krig kom ikkje før under den amerikanske borgarkrig i 1860-åra. 

I åra framover vart det gjort nye oppfinningar. Først i slutten av 1890-åra blei dei moderne ubåtane sin urtype skapt i forbindelse med utviklinga av eksplosjons- og elektromotorteknikken. Under den første verdskrig fekk ubåtteknikken ei stor utvikling. Ubåten vart eit effektivt og frykta våpen i begge dei to verdskrigane, og historier om ubåtar i krig er mange. 

Mest kjent er kanskje Tyskland sin ubåtblokade av England i 1. verdskrig. Den hadde tvunge dette mektige riket i kne om ikkje effektive motmidlar kunne setjast inn i siste augneblink. Motmidlane var først og fremst synkeminer, som vart kasta ut i store mengder. Sjølv om ubåtane ikkje vart treft, var sprengvirkninga så kraftig at ubåtane blei manøver-udyktig etter ein eksplosjon på opptil 50 meters avstand. England hadde til slutt ca 3000 skip som var oppteken med minesveiping og ubåtjakt. 

Under den 2. verdskrig blei ubåtane sett inn endå meir hensynslaust frå tysk side og i endå større antall enn før. "Slaget om Atlanterhavet" raste i fleire år, endå dei allierte sine motmidlar var betre denne gong, og til slutt måtte dei tyske ubåtane gi tapt. 

I løpet av åra 1914-18 gjekk det tapt 4837 allierte og nøytrale handelsskip på i alt 11 135 000 brutto tonn. I åra 1939-45 vart det senka 2775 skip på i alt 14 500 000 brutto tonn. 

I 1. verdskrig mista tyskarane 199 ubåtar, i den 2. verdskrig 781.

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal