| 
 
Tusenårsstaden i Radøy kommune
 (23.01.2001)
   
Kvar kommune i landet har valt sin eigen tusenårsstad.
Ideen med tusenårsstader er å setje fokus på den moderne
tid sine møteplassar. Solend- Nøttveit- og Morkenfjellet
og kulturlandskapet omkring - er Radøy kommune sin tusenårsstad.
Her opplever ein eit av dei vakraste kulturlandskap ein kan finne i Nordhordland.
Det opne landskapet har mange kulturminner og kvaliteter som ein turvandrar
vil gle seg over. Området er det mest nytta turområdet i Radøy
kommune.
  
  
  
  
  
  
  
   | 
  
  
   |