Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Lokalhistorie

 

   
Radøy - frå tre til ein kommune 
Tekst og foto: Scandion

I 1924 vart Sæbø og Hordabø eigne kommunar - Sletta høyrde til Lindås og Straume til Austrheim, og dei tre kommunane på Radøy stod ved lag fram til 1964. 

Då vart omtrent heile øya ein eigen kommune med Manger som sentrum. 

I Aschehougs konversasjons leksikon (1957) finn vi dette om Hordabø herred : 

Hordabø herred (utskilt frå Manger) i Hordaland fylke, hadde i 1955 1839 innbyggarar. Arialet var 39 km2. Herredet svara til Hordabø sokn av Manger prestegjeld. 

Det ligg i Nordhordland på den nordvestlege del av den skogbare Radøy med omkringliggande småøyar. Hordabø ligg innan det geologiske felt som vert kalla Bergensbuane : lag av skiferhaldig berg med vekslande hardleik. Dei harde laga dannar paralelle langstrakte ryggar, halvøyar og øyar skilt av myrlendte dalsøkk, vikar og sund med mjukare lag. Dalane og ryggane føl lagas strøkretning, som i Hordabø er n.v. - s.ø. 

Landskapet verkar temmeleg flatt. Åsryggane er berre ca. 25-50 m høge. Det høgaste punkt i Hordabø er 81 m.o.h.. Enkelte småvatn, tilsamann 1 km2. 

Tyngda av busetnaden ligg på vestsida mot Fedjefjorden- Hjeltefjorden. Marøy (1 km2) med 125 innbyggarar er den einaste av øyane utanfor Radøy i Hordabø som er busett. Innbyggartalet i Hordabø har gått ned siden 1930. 

Det går riksveg langs vestsida av heile Radøy. Ein fylkesveg set austsida i forbindelse med riksvegen. Rutebil over Radøy i korrespondanse med båt frå Alverstraumen på sør-austspissen til Bergen. 

Vel 40 % av befolkninga i Hordabø lever av jordbruk, ca. 20 % av industri og 10 % av samferdsle, vesentleg sjøfart (1950). 
Jorda er fruktbar. Den består vesentleg av formolda myrjord, og brukt hovudsakleg til fórproduksjon. I 1949 hadde Hordabø 267 bruk med meir enn 5 dekar jordbruksarial, over halvparten var under 35 dekar. Ca. 800 dekar var åker og hage, mest poteter, 8990 dekar var eng og beite og 7550 dekar var udyrka jord skikka for dyrking. 

I Hordabø er det eit par hermetikkfabrikkar, sementstøperi, sandtak, trevarefabrikk. Avdelingskontor av Manger sparebank. 

Hordabø er tilslutta Nordhordland kommunale kraftlag. 

Forventa formue i kommunen 1956/57 kr. 4 811 400 
Forventa inntekt kr. 3 771 300 

Stemmer ved stortingsvalet 1953: 
A. 276, B. 78, H. 22, K. 5, F. 313, V. 93. 

- Namnet på herredet og soknet var egentleg Bø, men då Hordabø vart skilt ut frå Manger (1924) vart horda- (frå Hordaland) sett inn i namnet; dermed vart det ikkje samanblanding med andre herredsnavn Bø. 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal