Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Kyrkja
Hordabø kyrkje

 

 
Hordabø kyrkje
Forfattar: Ukjent. Foto: Scandion.

Kyrkja som i dag står på Bø, vart bygd i 1875. Ho var teikna av Jacob Wilhelm Nordan og bygd av byggmeister Jon Jonsen Alvær. Kyrkja har 400 plassar. Då kyrkja vart bygd, heitte soknet Indre Bø sokn, medan Hjelme i Øygarden var Ytre Bø sokn. 

HISTORIE 

Ein reknar med at det har vore kyrkje i Bø sokn frå tidleg på 1300 talet. "Bæjar kirkja" er nemnt i gamle skrifter frå 1360 - talet. Mange døydde i svartedauden i 1349 - 1350. Store område vart lagde øyde, bygdene vart utarma og kyrkjene forfall. Det vart neppe bygt ny kyrkje på Bø i dei første tiåra etter Svartedauden. Folket var ikkje i stand til det. Det er såleis rimeleg sikkert at den første Bøkyrkja er frå før Svartedauden. 

Før Bøkyrkja kom, reiste folk til Manger til messe, før det att til Hamre. Dette var lange reiser, så folk samlast også til messe utandørs i heimbygdene sine. Det vart difor i tidleg kristen tid sett opp krossar på høvelege møteplassar. I Bø sokn har ein enno stadnamnet KROSSEN, der folket samlast til messe. Staden låg midt mellom vestebygda og austebygda og var såleis veleigna som utandørs messestad for heile soknet. 

Den første kyrkja var ganske sikkert ei stavkyrkje. Kyrkja vart riven tidleg på 1600-talet. Ho vart erstatta av ei lita tømmerkyrkje med tårn. Den nye kyrkja var i bra stand innvendig. Ho var måla, men elles "meget brøstferdig". Vedlikehaldet vart etterkvart dårleg og kyrkja forfall meir og meir. 
I 1830-åra er Bø Annexkirke nemnt som "en tømret, mørk Kirke; meget forliden til den store Folkemængde som dertil sogner". 

Kyrkja som i dag står på Bø, vart bygd i 1875. Ho var teikna av Jacob Wilhelm Nordan og bygd av byggmeister Jon Jonsen Alvær. Kyrkja har 400 plassar. Då kyrkja vart bygd, heitte soknet Indre Bø sokn, medan Hjelme i Øygarden var Ytre Bø sokn. Dei to kyrkjesokna fekk ny kyrkje same året. Kyrkjene vart vigsla av prost Hveding dag etter dag i august 1875, - Hjelme kyrkje 4. august og Bø kyrkje 5. august. 

Namnet HORDABØ er frå 1924 då den nordre luten av Radøy vart eigen kommune. Kommunenamnet Bø var alt nytta i Bø i Telemark. For å unngå forveksling vart difor nynamnet HORDABØ laga som kommunenamn. Seinare har også kyrkja heitt Hordabø kyrkje. 

Kyrkja fekk ny altertavle i 1891 måla av kunstnaren H. Nicolaisen. 

I 1915 fekk kyrkja orgel. Det vart levert av Landråk Olgelfabrikk i Haugesund. I 1987 vart orgelet skifta ut og eit nytt frå Jehmlich Orgelbau i Dresden vart sett inn. 

Kyrkjeklokka er frå 1962, støypt hjå O. Olsen & Søns klokkestøyperi i Tønsberg. Den er på 270 kg og har innskrifta: 
LAND LAND LAND HØYR HERRENS ORD! 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal