Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Radøy
Gard og grend
Manger

 


 

 

       
Manger
(09.07.2006)
 
Manger er ein tettstad og kommunesenter i Radøy kommune. 
Folkemengd: 814 (2005) 
Postnummer: 5936 Manger 

Prestegjeldet Manger og kyrkjesoknet Radøy 
Manger er eit prestegjeld i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Frå 1. januar 2006 er dei tre «gamle» sokna i Manger prestegjeld, Hordabø, Manger og Søbø, slegne saman til eit nytt sokn - Radøy sokn. Soknet har dei same geografiske grensene som Manger prestegjeld. 

Prestegjeldet famnar same område som Radøy kommune. Det er fire kyrkjer i prestegjeldet; Hordabø kyrkje, Manger kyrkje, Sæbø kyrkje og Emigrantkyrkja på Sletta. I tillegg er prestegjeldet medeigar i Fjon fjellkyrkje. 

Den tidlegare kommunen Manger 
Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837. Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø i sør og til Hjelme kommune i vest. 

Manger folkehøgskule som mellom anna har musikklinje spesialretta for messingblåsarar og slagverkarar ligg i bygda, og saman med mellom andre Manger Musikklag har det vore medverkande til at det har utvikla seg eit rikt korpsmusikkliv i området. Kjelde: Nynorsk Wikipedia
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal