Attraksjonar
i 
 Radøy kommune
 Foto: Scandion
  
Den vakre og frodige naturen i kommunen har gitt Radøy
tilnamnet - Den grøne øya. 
Radøy kommunen ligg sentralt i Nordhordland, 40
km nord for Bergen, og er eit eldorado for friluftsinteresserte. Folketalet
er omlag 4600. 
 Her kan du spasere på stiar tvers over øya.
Du kan prøve fiske i innlandsvatn og på dei mange gode fiskeplassane
i sjøen. 
 Tjorehagen og Vestnorsk Utvandringssenter er to av dei
største turistattraksjonane i kommunen. 
 I 2003 vart Kulturlandskapsprisen tildelt Sæbøgardane
på Radøy og vart overrekt av fylkesmann Svein Alsaker måndag
1. desember kl 14.00 i ungdomshuset på Sæbø etter ei
vandring i landskapet på Solheimsåsen.   |