Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Meland
Samferdsle i Meland
Samferdsle i Nordhordland
Nordhordlandsbrua
 
 
Nordhordlandsbrua
(07.06.2006)

Med ei total lengde på 1614 meter er Nordhordlandsbrua Noregs nest lengste bru, og verdas lengste flytebru uten sideforankring. Den går over Salhusfjorden mellom Flatøy i Meland kommune og Klauvaneset i Bergen kommune. 


Hurtigruteskipet «Polarlys» passerer Nordhordlandsbrua. Foto: Terje Opdal.

Brua er sett saman av ulike konstruksjonar; frå Klauvaneset ei 346 meter lang skråkabelhøgbru med hovudspenn over skipsleia på 172 meter som heng frå eit tårn på 99 meter. Seglingshøgda er 32 meter. 

Brua består vidare av ei 1246 meter lang flytebru i stål som kviler på pongtonger av betong. Hovudelementet i flytebrua er ein 15,9 meter brei stålkasse som kviler på 10 pontongar av lettbetong. 

Kvar pontong er 42 meter lang og 20,5 meter brei, avstanden mellom dei er 113,25 meter. Brua er spent i ein horisontal boge med ein radius på 1700 meter frå landfestet på Klauvaskallen til landfestet på Flatøy. Det har gått med ialt 14.000 tonn konstruksjonsstål til Nordhordlandsbrua. 

Kjørebanebreidda er 8,5 m. I tillegg er det ein 3 meter brei gang og sykkelveg. 

Brua vart opna av kong Harald V fredag 22. september 1994 kl. 12.07 - og er ein del av europavei 39. 


Foto: Scandion.

Historikk

Planar om ein bruforbindelse mellom Bergen og Nordhordland vart lufta alt på 1960-tallet, men knallhard politisk dragkamp førte til at det tok nesten 30 år før brua sto ferdig. Brua fekk frå først av namnet «Salhusbrua», men vart endra kort tid før åpninga. 
Nordhordlandsbrua erstatta landets største ferjesamband (tal bilar) mellom Knarvik i Lindås kommune og Steinestø i Bergen kommune Etter det har trafikken auka år for år. 

Største delen av prosjektet har vore bompengefinansiert. Alt i 1956 begynte brukarane av ferjeforbindelsen mellom Knarvik og Steinestø å betale bompengar. Den gang var det fergekaien i Knarvik, og veien mellom Lindås kommune og Radøy som skulle dekkast inn. Då planar om bru over Salhusfjorden kom på bordet, vart det i 1969 avgjort at billistane skulle halde fram med å betale bompenger. 

I 1997 måtte utbyggjarane av brua tåle kraftig kritikk frå Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité på grunn av store budsjettoverskridingar. 

31. desember 2005 vart innkrevjinga av bompengar avslutta og bilistane kunne reise gratis over brua. I løpet av 11 år har 33 millionar køyretøy betalt i alt 1372 millionar kroner i bompengar - medan Stortinget bevilga 41 millionar til brua. 

Kjelde: 
nordhordland.no 
wikipedia.org 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal