Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Meland
Gard og grend
Flatøy

 


 

 

      
Flatøy 
(08.07.2006)

Flatøy er ei øy på 2 kvadratkilometer i Meland kommune. Øya er no eit trafikk-knutepunkt med bruer over Hagelsundet (250 m) til Knarvik i Lindås, Nordhordlandsbrua (1610 m) over Salhusfjorden til Bergen, og Krosnessundet bru (391 m) til Holsnøy. 

På øya driv Frank Mohn Flatøy AS sin olje- og gassdivisjon, med produksjon av pumper. Flatøy flystasjon vart oppretta i 1917 som base for militære sjøfly, og frå 1920 var den base for Det Norske Luftfartsrederi AS, som dreiv ruteflyging Bergen–Haugesund–Stavanger. Etter krigen brukte Thor Solbergs flyselskap basen i nokre år. På den nordvestlege delen av øya låg fortet Håøy. 

Henta frå Nynorsk Wikipedia
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal