Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Attraksjonar
   

 

 
Attraksjonar
Foto: Scandion

Bjørn West Museet
Kvamsdals fargeri
Storsetehilleren
Trodalsamlinga
Saga på Mollandseid
Fossen kraftstasjon
Stegane

For den som vil oppleve vakker og vekslande vestlandsnatur er Masfjorden vel  verdt eit besøk. Frå nakne skjer utmed Fensfjorden til ruvande fjell-landskap tusen meter over havet der snøfonnene gir vatn til elvar som kastar seg utfor juv og  nedetter dalføre. Som fjellturist må du gå langt før du slepp opp for nye naturopplevelser.
 

Stordalsområdet har eit vakkert fjellterreng både sommar og vinter. Som båtmenneske kan du vere for deg sjølv i eit avgøymt sund utanfor Risnes - eller du kan oppleve naturen langs fjordarmane som strekker seg innover i landskapet. I kommunen, der vasskraft og havbruk er dei viktigaste næringsvegane, bur det i dag vel 1600 menneske. 

Fram til 1870-talet var Sandnes sokn ein del av Lindås kommune, prestegjeld og lensmannsdistrikt. Så kom det eigen sokneprest i 1876, det kommunale sjølvstende kom i 1879 og eigen lensmann året etter - då bonde, kyrkjesongar og stortingsmann Erik Arneson Riisnes var tilsett frå 1880 til sin død i 1881.

Ved kommunereguleringa i 1964 vart dei tre gardane Einestrand, Eikebotn og Kikall overførde frå Lindås.

I mellomalderen høyrde mesteparten av Masfjorden til Gulen skipreide. Denne var då ein del av Hordafylket; det gamle Gulatinget låg såleis innanfor fylkesgrensa på 900-talet. 

På 1600-talet ser vi at størstedelen av Masfjorden framleis høyrde til Gulen skipreide, medan Austfjordgardane framleis høyrde til Eikanger skipreide. Desse vart overførte til Lindås skipreide i 1853, og i 1879 vart altså Masfjorden eigen kommune. 

Masfjorden er bygdelag med gode skogsvidder, og det har vore skipa mykje ved og bygningstømmer utover til kystbygdene. Det var vanleg å skaffa seg tømmer frå Masfjorden i byte mot mot fisk.

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no