Lokalhistorie
 Foto: Scandion
Masfjorden si historie er skapt av små og store
hendingar gjennom århundrer.  Mangt og mykje av denne historia
kan ein lese om i gamle skrifter, kyrkjebøker, utvandringsprotokollar,
bygdebøker, sogehefter o.l. 
 Framleis er det informasjon om mange hendingar, i vår
nære og fjerne fortid, som ikkje er komen på trykk, eller allment
lett tilgjengeleg. 
 Fram til 1875 var Masfjorden ein del av Lindås kommune,
prestegjeld og lensmannsdistrikt under namnet Sandnes sogn. I 1876 fekk
Masfjorden eigen sokneprest, det kommunale sjølvstende kom i 1879
- og eigen lensmann år ettter. 
 
Ved kommunereguleringa i 1964 vart dei tre gardane Einestrand,
Eikebotn og Kikall overførde frå Lindås kommune. 
 No er Masfjorden delt i tre sokn; Sandnes frå 1876,
Solheim frå 1887 og Frøyset frå 1930. 
 Artiklar
 Krigsminnesmerker
 Knut og Solly i maritimt
miljø
 Forfatter: Scandion
 Lekpredikanten Ludvig
Hope
 Forfatter: Scandion
 Liv og slit i Masfjorden
i gamle dagar
 Forfatter: Ola R. Midtbø
 Masfjordbåtar
på Hordamuseet
 Forfatter: Scandion
 Masfjordingar med
i 1. verdskrig
 Forfatter: Bygdelaget Nordhordlendingen
 Isak Eikemo - grunder
på 1800-talet
 Forfatter: Kjell Eikemo
 Bjørn West
styrkane i Masfjordfjella og forsyningane frå Gulen og Brekke
 Forfatter: Ingolf Austgulen
 Nordbygda Samfunnshus
 Forfatter: Klaus Nordli
 Krafttak bergar Faun
 Forfatter: Åsmund Soldal
 Perstova
 Forfatter: Arnold Natås
 På anlegg i Masfjorden
 Forfatter: Søren Kvamsdal 
Skipreider 
 Gamle skrifter syner at det i middelalderen har vore
eit skipreide nemnd Fjonner, og i Fjonner er nemnd Sandnes Sogn. Gardar
som er nemnde er: Frøyseetr, Berghagavik (Bergsvik), Eikemor, Arnahvammer,
Arakletr, Hauksdaler og Matrar. (P.A. Muncks: Kongeriket Norge). 
 På 1600-talet høyrde største delen
av Masfjorden under Gulen skipreide, som då var ein del av Hordafylket.
Det gamle Gulatinget låg såleis innanfor fylkesgrensa på
900-talet. 
 Austfjordgardane, frå Elvik til Kvingo, kom under
Eikanger skipreide. Men frå 1774 kjem Masfjorden under Lindås
skipreide, og gardane langs Austfjorden i 1853. 
 Masfjorden er eit bygdelag med gode skogsvidder, og det
har vore skipa mykje ved og bygningstømmer utover til kystbygdene.
Det var vanleg å skaffa seg tømmer frå Masfjorden i
byte mot fisk.  |