Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kyrkja
Frøyset kyrkje

 

  
Frøyset kyrkje 
Forfatter: Arne L. Hope. Foto: Scandion

Kyrkja ligg vakkert til i landskapet innom Frøysetvågen og vart vigsla i 1937 av biskop Fleicher, saman med prestar frå Nordhordland. 
 
Det fyrste ein kan finna om denne saka, er eit skriv frå E. A. Riisnes med fleire til møte i Masfjorden heradstyre 15/11 1919 der dei reiser krav om at Sandnes sokn skal delast, og ei ny sokn utskiljast for Nordbygda. 

Saka vart utsett i det møtet. Men ho kom seinare oppatt slik at det vart vald ei nemnd til å greia den ut. Til det vart valde: G. Monsen, Mikal Brudal, A. E. Riisnes, Hans Torsvik, Andr. Sandnes, Ivar Nordland og K. Bergsvik. 
 

  
Saka kom opp att i soknestyremøte 5/4 1922, med ei utgreiing frå nemnda. Eit framlegg frå Henrik I. Sleire om deling og der den delen som då ville utgjere Sandnes sokn skulle betala til Frøyset sokn 15.000 kr. over 5 år, fall med 5 mot 3 røyster. 

Ein kan ikkje her ta med alt det som vedkjem denne delingsaka, då det vil føra for langt. Men for oversikta si skuld tek ein med ein del av stoffet. Delingsaka var oppe på eit møte i Sandnes kyrkje 28/4 1928. Ved røystinga der røysta 103 for og 191 mot byggjing av kyrkje. Til spørsmålet om deling av sokna røysta 89 for og 181 mot. 

I møte i Sandnes sokneråd 7. mai 1928 tilrår soknerådet byggjing av kapell. 3/8 1929 er saka komen frå kyrkjedepartementet til soknestyret til uttale. Det vart gjort slikt vedtak: -Nordbygden foreslås utskilt som eget sogn, i den utstrekning som omsøkt i dok. 3, og eventuelt dok. 24-40, fra den tid Kyrkjedepartementet bestemmer, med Frøyset som kirkested. Utløsningssummen fastsettes til 7.500 kr. Utskillelsen foreslås under forutsetning av at 15.000 kr. oppnås som lån av Oplysningsvæsenets fond til oparbeidelse av den nye kirke. Sognets aktiva og passiva blir senere at fordele av en av herredstyret oppnevnte komite, dog således at 7.500 kr. av det ovenfornevnte lån overtas av det nye sogn utenfor Sandnes sogn varige passiva. 

Det vart videre teke atterhald om deling av talet på gudstenestene i prestegjeldet, på eit seinare tidspunkt. 
Ved kgl. res. 21/3 1930 vart så Frøyset utskild som eiga sokn frå Sandnes. Til nemnd for deling av aktiva og passiva mellom Sandnes og Frøyset var Magnus Kvingedal, Andr, Sandnes, R. N. Kvamsdal, B. Wergeland og E. A. Riisnes valde. 

Av det som går fram av møtebøkene var det ikkje semje mellom folka i Nordbygda kvar på Frøyset kyrkja skulle stå. Ein del av dei vilde byggja den nedanfor kyrkjegarden. Men då det var liten plass der mellom elva og sjøen, måtte den i så fall byggjast nord-syd. Dette vart i så fall eit brot på dei tilvande tradisjonar ved plassering av kyrkjer, då den vanlege plasseringa er aust-vest. 

Den andre delen av kyrkjelyden ville ha den bygt ovanom kyrkjegarden. Og i det tilfelle i retning aust-vest. Men der var plassen så knapp at det isåfall måtte flyttast 2 barnegraver for å få stor nok plass. Det tok mange år førenn Frøyset sokn kom til semje om denne saka. 

Til slutt vart det fleirtal for å byggja på den øvre tomten. Og i soknemøte 2/2 1935 vart det lese skriv frå kyrkjedepartementet der dette godkjende byggjing på den øvste tomten, og at dei to barnegravene kunne flyttast. 

I den tida som var gått mellom at saka vart teken opp i 1919, og fram til byggjeløyve frå departementet, hadde saka vore framme fleire gonger enn ein har nemnt framanfor. Men det har vel lite historisk interesse å ta med meir om dette her. Ein kan mest tru, at saka hadde vorte forenkla ved å teke med mindre av detaljane i sakshandsaminga. 

Arkitekt Torolf Hals Frølich hadde på eit tidlegare tidspunkt vore kontakta om å teikna kyrkja. Dette hadde han teke på seg gratis mot å få godtgjort for dei kontante utlegg til oppgåva. Til byggmeister for det tekniske ved bygget, vart byggmeister Sæverås vald. Og til utførande byggjeformann Lars Kvamsdal.

Det hadde tidlegare kome fram ynskjemål i sokna om å byggja ein kyrkjelydsal i samband med kyrkjebygget, eller eventuelt eit bedehus. Det vart kyrkjelydsalen som vart løysinga. Den vart så bygt samstundes i samband med kyrkjebygget, som eit vinkelbygg ut frå koret og fråskild dette ved foldedører som kunne opnast. På den måten kunne kyrkja utvidast med denne salen når det var trong for dette. 

Finansieringa av bygget, utover utløysingssummen frå Sandnes, vart gjort ved lån, gåver og dagsverksarbeid. Såleis gav Gerhard Daae kantematrialen til kyrkja. Torgeir Børnes sperr og kantematrialar til kyrkjelydhuset og Benjamin Haugsdal, Jon O. Haugsdal og Andreas Romarheim det meste av kledning og sutak. Kyrkjeklokka er gjeven av Sigrid og Hans B. Wergeland. Ei gåve til døypefonten av Johan Otterstad. Og ut over dette som sagt pengegåver ved basar og på annan måte frå både kyrkjelyden og andre. Alt i alt kosta kyrkja i kontante pengar ved rekneskapsoppgjer 27/10 1940, 34.182,54 kroner. 

Kyrkja var vigsla i 1937 av biskop Fleicher, saman med prestar frå Nordhordland. 

Når ein ser det heile i ein samanheng, så har dei fått ei løysing på kyrkjesaka i Frøyset, som vel var den beste. Og kyrkja ligg vakkert til i landskapet innom Frøysetvågen. 

Det var opphaveleg planen å varma den opp ved sentralvarmesystem. Dette kom ikkje til gjenomføring. Så då kommunen hadde fått bygt ut til elektrisk kraft, vart det i 1959 lagd inn elektrisk oppvarming. Det vart også lagd inn elektrisk lys med høvande utstyr. Lysekruna som vart innkjøpt då, var ei gåve frå Dagny og Alf Holmås. 

Det vart opphaveleg ikkje råd til kyrkjeorgel. Så ei tid måtte eit harmonium gjera teneste såleis. I 1959 vart det innmontert eit kyrkjeorgel frå Vestre orgelfabrikk. Det kosta 35.000 kroner. Ein del av dette var innsamla midlar men det meste var betalt av kommunen. 

I 1969-70 vart det eit større byggjearbeid med at bygget vart forlengd ut frå sakristiet. Der vart det tilbygd kjøken med gang, og sanitæranlegg i kjellaren. Denne siste byggjinga kosta 105.000 kroner og er betalt av kommunen. 

Det er i det heile lagt ned eit stort arbeid og mykje pengar på å få tidhøvelege kyrkjer i alle soknene. Om det som kyrkja står for, har like stor plass i sinn og tanke hjå den enkelte, er eit personleg spørsmål. Frølich skreiv då han såg Sandnes kyrkje oppussa i 1919 m.a.: -Vi sigter til at mens kirkens indre nedgang i Masfjorden er blit så altfor iøyenfallende ved sin tomhet, så pudses selve kirkens ydre desmere op. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no