Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kyrkja

 

 
Ordinasjon i Sandnes kyrkje 
Forfatter: Gunnvor Fyllingsnes
 (11.03.2005)

Palmesøndag vert ein stor dag i Sandnes kyrkje. Det er ikkje kvardagskost med ordinasjon til preste- og misjonsteneste av ein masfjording. Men på palmesøndag skal det altså skje. 
 
Ved gudstenesta denne dagen vert Kjartan Sørheim vigd til prest av biskop Ole D. Hagesæther, for å gå inn i misjonsteneste. Ei misjonsteneste han skal ha saman med ektefellen Eirin. 

Om alt går etter planen, reiser dei i juli, saman med dottera Kaja, til nordaust Thailand der Det Norske Misjonsselskap gjennom mange år har støtta kyrkjelydsbyggjande arbeid og arbeid for å nå nye med evangeliet. Der skal dei i første omgang ha teneste i fire år. 

Ved å ha ordinasjonen i heimkyrkja på Sandnes, ynskjer Kjartan at det også kan bety at kyrkjelyden får del i dette misjonsarbeidet på ein sterkare måte. Det ligg eit stort ansvar på ein kyrkjelyd som får senda ein av sine ut som misjonær. 
 

Ikkje minst vert det eit stort bøneansvar for oss. Det er vårt ynskje at både barneforeiningane, misjonsforeiningane og kyrkjelyden vår kan ha god kontakt med Kjartan og Eirin medan dei er i Thailand. 

  
På sjølve ordinasjonsgudstenesta vil biskop Ole D. Hagesæther og prost Helge Hitland delta saman med vår eigen sokneprest og utsendingar frå NMS og Misjonshøgskulen i Stavanger. Det vil elles verta musikk frå ei gruppe frå skulemusikken. 

Etter gudstenesta inviterar soknerådet til festsamling i gymnastikksalen på skulen. Her vert det servert middag og kaffi og det vert høve til helsingar. 

Me vonar mange finn vegen til Sandnes kyrkje denne palmesøndagen og vert med på ordinasjonen til Kjartan. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no