Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Masfjorden
Kyrkja
 

 

   
Gudsteneste på Kvamsdalsetra
(08.06.2004) Tekst og foto: Knut Fr. Sørheim

Fjellgudstenesta søndag 13.juni er lagt til Kvamsdalsetra, der Fjelltrimmen også i år har lagt ein fjellpost. Frå Kvamsdalen tek det om lag ein time å gå – alt etter kva tempo ein held. 

Det er sokneprest Sørheim som held den forenkla gudstenesta, og den tek som vanleg til kl 12.00. Hadde vore fint om mange hadde funne vegen til fjells denne søndagen. 

På Kvamsdalsetra har der i løpet av siste par åra kome til dels nyoppussa hus. No er det ikkje målet ved fjellgudstenestene å setja seg innadørs. Då er ynskjet i første rekkje å kunne samlast under høg himmel og fri natur, til sang og andakt og innhaldsrike nistepakker før og etter. Men det er sjølvsagt litt ekstra interessant når der er noko nytt å sjå. Og nyttig reserveløysing om veret skulle vera heller grått. 
 
Foto: Knut Fr. Sørheim. 

  
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no