Masfjorden
kommune
 Oppretta
som eigen kommune i 1879
  Kommunenr.:
1266 
  Fylke:
Hordaland 
  Adm.senter:
Masfjordnes 
  Flatevidde:
558 km² 
  Folketal:
1 650 (2008) 
  Målform
Nynorsk  
Fram til 1875 var Masfjorden ein del av Lindås kommune,
prestegjeld og lensmannsdistrikt under namnet Sandnes sogn. 
 I 1876 fekk Masfjorden eigen sokneprest, det kommunale
sjølvstende kom i 1879 - og eigen lensmann år ettter. 
 Ved kommunereguleringa i 1964 vart dei tre gardane Einestrand,
Eikebotn og Kikall overførde frå Lindås kommune. No
er Masfjorden delt i tre sokn; Sandnes frå 1876, Solheim frå
1887 og Frøyset frå 1930.   |