Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Samferdsle i Lindås
Samferdsle i Nordhordland

 

 
Lindåsslusene i Skallestraumen 
Forfatter: Harald Hundvin
Publiseringsdato: 23.11.2006

I 1870-åra auka dampbåtferdsla i Nordhordland mykje, og fleire og fleire bygdelag ba om at dette transport-vidunderet også måtte stogga i deira bygd. I slutten av 1876 søkte Lindås herad om at båten måtte koma inn til Lindås og Vågseidet. Frå fjorden utanfor og inn til Lindås-osen fører fleire stride straumar, men berre 2 av desse var det mogleg å bruke som båtlei: Det var Kjerringstraumen og Skallestraumen. 


D/S «Austrheim» i Lindåsslusene. Foto: Bergens Sjøfartsmuseum. 

Desse straumane kan vera temmeleg stride når sjøen flør eller fjerar, og då kan ikkje båtar gå der. Difor måtte båten alltid venta ved ein kai utanfor Skallestraumen til det vart flo sjø og straumen stilna, og denne ventetida kunne ofte verta lang. Kaien fekk difor namnet «Pinebenken», og den heiter det den dag i dag. 

Ein eller annan framsynt mann (truleg doktor Th. Collet) hadde teke opp denne vansken med ingeniøren i Hamnestellet, og dei hadde sendt ein søknad til staten om å få sprengja ei renne i Skallestraumen. Dei meinte med dette at det skulle verta ei brukande båtlei. 

Den 12. oktober i 1876 fekk Lindås herad oversendt alle dokumenta frå Hordaland fylke. 

Kravet frå staten var: 
1) Lindås herad måtte yta tilskott til utsprenginga. 
2) Privatfolk måtte yta liknande tilskott. 
3) Lindås herad måtte tinga med mylneeigar Huun om at han måtte setja ned kravet om godtgjerdsla. Hans krav var kr. 6.400. 
4) Tinga med grunneigaren i Spjotøy om lov til å sprengja i Skallestraumen. 

Med 21 mot 6 røyster gjorde heradstyret seinare dette vedtaket: «Heradet yter kr. 400,- til arbeidet. Ei nemd på 3 menn skulle garantera for at privatfolk ytte det same». Dei 3 mennene som garanterte for summen var: Dr. Th. Collet, lensmann Laastad og Jacob Fjellanger. Pengane fekk dei inn, og arbeidet med sprenginga var ferdig i 1889. 

Etter sprenginga vart Skallestraumen mykje stridare enn før, og nå synte deg seg at ei flu i Kjerringstraumen måtte sprengjast bort. Til dette arbeidet gav staten kr. 100,-. Samstundes gav Lindås herad kr. 50,- til utbetring av dragvegen på søre sida av Kjerringstraumen. Men trass i alt dette arbeidet, måtte båten likevel ha si ventetid ved «Pinebenken», til stor leielse for dei reisande. 

Kanal og hamnestellet arbeidde nå vidare med plan om ei større utsprenging i Skallestraumen, men då bad Lindås heradstyre om at dei venta litt med dette, for det såg ut til at det ville koma nye eigarar til Mylna og grunnen ikring. Etter tingingar hadde Huun sett sitt krav til kr. 4.000,-, og grunneigaren ville ha kr. 800,-. Ikkje lenge etter overtok Jacob Bergfjord Mylna ved arvefeste, og straks kom det meir fart i arbeidet med å gjera Skallestraumen til ei god båtlei, for nå hadde planen om sluse dukka opp. 


Lindåsslusene. Foto: Bergens Sjøfartsmuseum. 

I 1897 gjorde så Lindås herad samrøystes vedtak om - «Å be Riksstyret byggja sluse i Skalle - straumen, og at pengar til dette arbeidet måtte verta sett av på Riksbudsjettet alt i 1898- 99.» Saka kom attende til heradstyret i 1899, med dei vilkår som heradstyret måtte gjera vedtak om. 

Den 22. november 1899 hadde heradstyret møte. På dette møtet var også fylkesmann (amtmann) Hroar Olsen med. Ei nemnd på 4 menn hadde etter pålegg frå heradet arbeidd med «slusesaka», og etter framlegg frå dei gjorde heradstyret med 23 mot 9 røyster dette vedtaket: 

A) Når arbeidet med slusene var ferdigt, skulle heradet ta på seg alt vedlikehald av slusene. 
B) Heradet skulle bera alle utgifter med opning og stengning av slusene. 
C) Heradet skulle ta på seg alle utgifter for skadebot som arbeidet måtte føra med seg. 
D) For å få inntekt til å dekkja desse utgiftene, skulle alle som reiste gjennom slusene, betala ei avgift etter eit regulativ, som Kongen skulle godkjenna. 

Dei 4 mennene som hadde utarbeidd dette vedtaket, var Martinus Ones, Jonas Marås, lensmann Laastad, og ordfører A. Haraldsen - alle vel kjende føregangsmenn i Lindås. I 1901 sende Hamnedirektøren heradstyret framlegg til «Reglement for brug av slusene i Lindås», og desse vart samrøystes godkjende. Med Jacob Bergfjord, som eigar av Mylna, hadde heradet kome fram til avtale om ei godtgjersla på kr. 500, - «for dei tap og den skade han måtte få for skuld sluse - arbeidet». Dette vart vedteke med 19 mot 14 røyster. Mindretalet ville gå til oreigning «fordi kravet frå Bergfjord var mykje for Stort». 

Arbeidet med slusene kom i gang sumaren 1903. Same året truga eigaren av Spjotøy heradet med saksøking, dersom ikkje han også fekk skadebot for slusearbeidet. Heradstyret baud han kr. 100,- ein gong for alle, men det ville han ikkje godta. Han la opp sak mot heradet, og det vart ei lang og dyr soge: Domen fall i 1905: 

Han tapte saka, og fekk kr. 100,- i sakskostnader. Han anka domen inn for Høgsterett, og 16. oktober 1912 sa Høgsterett dom i saka, som då hadde vara i 9 år (frå 1903-1912). Han tapte saka på nytt, og fekk kr. 450, - i sakskostnader. 

Avtalen med Hamnestellet var, at så snart dei var ferdige med slusene, skulle dei ta opp arbeidet med å tryggja båtleia i Haukåsstraumen, så båten kunne gå trygt inn til Vågseidet. Godkjend plan for dette arbeidet førelåg, men Hamnestellet kom med ein ny plan som var mykje billigare enn den første planen, men ikkje på langt nær så god. Mot denne siste planen protesterte Nils Stene og kapteinen på rutebåten «Nordhordland». Heradstyret var samde med dei, og så måtte Hamnestellet arbeida etter den første godkjende planen. 

Det vart ikkje arbeidd på slusene heile året, men kvart år berre for den sum som var avsett på Riksbudsjettet, så det tok si tid å få slusene ferdige. Men endeleg, våren 1908 var slusene ferdige, og den 12. juni 1908, overtok Lindås herad slusene i Skallestraumen. Heradstyret tilsette Jacob Bergfjord som «slusevaktar» for ei årsløn, stor kr. 500,-. På fyllinga ved slusene bygde heradet ei bu, slik at påfyllinga av olje og kveiking av lyktene kunne føregå inne. 2 menn, Jacob B. 0. Vabø og Nils L. Hundvin vart pålagde å koma med framlegg til takstar for dei som kom til å nytta slusene. 
Etter framlegg frå dei, vedtok heradstyret den 11. april 1911 desse takstane: 

1. Robåtar: kr. 0.25. 
2. Båtar som berre krev opning av 1 sluseport: kr. 0,40. 
3. Større farty: kr. 0,75. 
4. Møkprammar med slep: kr. 1,50. 
5. Mindre prammar: kr. 1,-. 
6. Rutebåtar: kr.0,60. 
7. Ferdafolk med rutebåtar og andre farty: kr. 0,10. 

Billettøren på rutebåten skulle krevja inn avgifta av dei som reiste med rutebåten. For andre som fór gjennom slusene, skulle slusevaktaren krevja inn avgifta. 

Heradstyret vedtok samstundes at «slusekassen» skulle ha eigen kassastyrar. Dei pengane som kom inn i avgifter skulle ikkje gå vegen om heradskasseraren. Jacob B. 0. Vabø vart samstundes tilsett som «slusekassastyrar.» 

Kloke og framsynte menn hadde med dette skapt ei god og trygg båtlei for folket i denne luten av Nordhordland, og bygdefolket var vel nøgde med utfallet. Heradstyret sende også eit takkeskriv til Riksstyret for den hjelp dei hadde gjeve til dette arbeidet. I alle år slusene var i bruk, virka dei perfekt. Då den første slusevaktaren døydde, vart sonen, Anton 
Bergfjord, ny slusevaktar. Takstane for bruk av slusene vart gjennom åra svært lite endra. 

Etter siste verdskrig vart ferdsla meir førd over frå sjø til land. Rutebilen og varebilen tok meir og meir over båten si oppgåve, og mot slutten av 1950-åra var båten borte for godt. Det var ikkje bruk for slusene meir, og portane vart opna for siste gong. Straumen får nå gå fritt som i gamal tid, og slusene står til nedfalls. 

Den nye oppveksande slekt veit lite om at det for 80 år sidan vart bygt sluser i Skallestraumen. Slik burde det ikkje vera. Dei kloke og framsynte menn som fekk istand dette arbeidet, skulle hatt eit betre minnesmerke etter seg enn rust og skrapjarn og rotne portar. Det burde vera ei kulturoppgåve for sogelag, herad, fylke og stat å få slusene i Skallestraumen i full stand att, og få einkvan til sjå etter dei. Då kunne reiseglade ferdafolk få ta rundturen med båt frå Bergen gjennom slusene, over den vakre Lindåsosen, gjennom den tronge og fengslande Haukås-straumen inn til Vågseidet, og så med rutebil over det vene Nordhordland attende til byen. Og reisande som kom med rutebilen, kunne ta båten attende til Bergen.

Eg trur for visst at dette ville verta ei turistrute som ville få folk til å reisa. For den som ikkje har reist gjennom slusene i Skallestraumen, over Lindåsosen, gjennom Haukåsstraumen til Vågseidet, har gått glipp av ei rik og mektig naturoppleving. 

KJELDER: 
1. Karl Sjurset: Lindås herad frå 1837-1937. (Formannskapslovene 100 år). Utgjeve av Lindås sogelag 1942. 
2. Lindås-Masfjordens Dampskibselskap 1880-1930. 
----------------------------------------------------------- 
Informasjonen er henta frå BNR- NYTT nr. 3 - 1986 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal