Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Lokalhistorie
Bygdebøker

 


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

      

 

BYGDEBOK FOR LINDÅS - BAND II (24.05.2006)

Lygra og Hundvin sokner. Gards og personhistorie. 

Band 2 av bygdebok for Lindås er ei gards- og personhistorie frå det gamle Lygra sokn slik det var før soknedelinga i 1974, men med unnatak av gardane på Radøy. 

Området dekkjer i dag noverande Lygra sokn, dei fleste gardane i Hundvin sokn og fire gardar i Lindås sokn. 

Boka gjev oss innsyn i kven som har butt her før oss, kva tilhøve dei har levd under og korleis dei har livnært seg. 

Dei første ibuarane møter me i kjeldeskrifter tidleg på 1500-talet. 

Ein fylgjer folk og slekter vidare fram mot år 2000. For fleire gardar finn ein opplysningar attende til mellomalderen. 

Gardane i Lureneset fram til 1814 er det skrive om i Gards- og personhistorie for Alenfit, band 1. 

Band 1 av Bygdebok for Lindås omfattar Myking sokn. 

Føreord frå boknemnda: 
Gards- og personhistoria for Lygra og Hundvin sokner er band 2 av tre bygdebøker som skal dekka gamle Lindås. 

Alt frå Nils Hjelmtveit kom med Alenfit 1 i 1968 har det vore sterke ynskje om at alle deler av Lindås måtte få si gards- og personhistorie. Nokre av desse bøkene er komne, og dei er blitt til ved at privatpersonar har teke opp arbeidet av eige tildriv. Slik er det med denne boka og. 

Martinus Ones tok tidleg til med å samla tilfang, og han laga seg eit kartotek med mange tusen kort. Kopiar av dette kartoteket er overlatne til boknemndene i Austrheim og Feie og til Lindås, og er med i grunnlaget for desse soknene sitt bokarbeid. Brørne til Martinus, Ivar og Olav Ones tok opp arbeidet etter han. Olav Ones har utvida og organisert det eldre materialet og skrive det ut på gards- og bruksnivå. Han har også skrive gardssogene og skaffa fram fotomateriell og kart, og har hatt kontakten med forlaget. 

Mange fortener takk for hjelp med dette arbeidet. Dei som har fylt ut skjema for dei siste generasjonane , og dei som lånte ut foto. Takk også til fotograf Aarseth som har teke alle flyfoto, og til piloten Rune Brundtland. Takk til Styret for Bygdebok for Lindås, Myking sokn, ved formann Erling Toft, som sjølvmint tilbaud oss kr 40.000 til kjøp av datamaskin og skrivetilfang. Takk til Lindås kommune som har ytt kr 55.000. 

Ei nemnd vald av Lindås kommune har fylgt avslutninga av bokprosessen: Kari Dahl, Aud May Hundvin, Audun Kristiansen, John Ragnar Myking og Magne Smedsdal. 

Hundvin, 1. juni 2000. 

Nemnda. 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal