Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Lindås
Kjentfolk
Ivar Medaas

 

 
Ivar Medaas
Foto: Scandion
  
Ivar Medaas (9. april 1938 - 7. januar 2005) var ein visesongar og felespelar frå Nordhordland. Medaas budde i Alversund i Lindås kommune. I 1963 fekk han gjennombrot som artist med songen «Dar kjem dampen». Medaas sette melodi til songen, som var skriven av Ragnvald Hammer. 

Ivar og kona Kari var kjende under namnet Vestlandsduoen som song på strilamål. I 2002 fekk dei målprisen. 

Fram til 1955 budde han i Alversund, men flytta så ei tid til Oslo. Fem år seinare debuterte han hjå Jens Book-Jenssen og arbeidde deretter på Chat Noir i fire år, og så på ABC Teatret og Oslo Nye Teater i eit år kvar. 

Han blir hugsa for visene «Draumen om fred», «Sildefiske på Doggerbank» og «Dar kjem dampen». Ivar Medaas gav òg ut ei plate med tekstar av Herbjørn Sørebø.

Ivar Medaas vart rekna som ein av dei beste til å lyfta fram kulturen til strilane. 

Medaas fekk hjerneslag i 1995 og vart sidan sittande i rullestol, men i 1997 hadde han trena seg so godt opp at han kunne vere på scena att. I 1998 vart han æresmedlem i Nordhordland Veteranbåtlag for å ha gjort vestlandskulturen kjend, spesielt fjordabåten DS «Oster». Kjelde: Nynorsk Wikipedia 

Ivar Medaas var ein av Noregs mest originale og mest kjære visesangar. Han begynte si karriere på begynnelsen av 60 talet og slo igjennom i 1963 med den evige hiten «Dar kjem dampen». Han har gitt ut mange sangar saman med kona Kari Medaas (som Vestlandsduoen), i tillegg til å jobbe med store artistar som blant andre Øystein Sunde, Dizzie Tunes og Wenche Myhre

Diskografi (album) 
1964 Holiday in Norway 
1965 Trubaduren kommer 
1968 Medaas i 4 akter (Livealbum) 
1969 Dar kjem duoen 
1975 På lykke og fromme 
1976 Vårteikn 
1978 Å du, å du! 
1982 Kyss meg på mandag 
1984 Bymann og stril med Ove Thue 
1987 Ansikt til ansikt med Ove Thue 
1989 Sjeldne typar 
1992 Kari & Ivar Medaas Gull (Samlealbum) 
1995 Langs fjorden 
2001 50 beste (Samlealbum) 

Diskografi (EP/singel) 
1960 På Haugarstølen e godt te gjeta (EP) 
1960 Pakta / Frieriet hans Ola husmann (Singel) 
1960 Amerikavisa (EP) 
1961 Gammelkjærast / Gamle Benjamin (Singel) 
1961 Hestehandlarar / Drama i 4 akta (Singel) 
1962 Vesle Pers nye ski / Veslejenta og folungen (Singel) 
1962 Jonsokkveld / Pengaskåpet (Singel) 
1963 Ein glad cowboy / Brunkebekken (Singel) 
1963 Kem har tatt min fena / 80 år (Singel) 
1963 Dar kjem dampen / Sildefiske på Dogger bank (Singel) 
1963 Juleballade / Julenissebrevet (Singel) 
1963 Jenta / Rallardans (Singel) 
1963 Driftsvegen til Texas / Tømmerhoggaren (Singel) 
1964 Ballade om den siste sigarett / Hesteskoen (Singel) 
1964 Sommar sommar sommar / Sommarvise (Singel) 
1964 Ungkarsvise / I hine hårde dage (Singel) 
1965 Håpet frå Møre / Den arge bonden (Singel) 
1965 Alexanders snøggtime band / Hu hei kor er det vel (Singel) 
1965 Skål for kona mi / Per Olsson (Singel) 
1965 Det var i sommar / Draumen om fred (Singel) 
1966 Blåmann blåmann / Bukkevisa (Singel) 
1966 Hallo Dolly / Sjølvbyggjarvise (Singel) 
1967 Jeg vet om en jente / Æreverdige forsamling (Singel) 
1967 Eg hadde ein gong ein båt / Å kvi skulle eg gå (Singel) 
1967 Drabantby-liv / Vuggevise til en velger (Singel) 
1968 Når eg er 67 / Norsk material (Singel) 
1968 Takk og pris / Doff den gode draken (Singel) 
1969 Gje meg jorda til bustad / Hastverksbrudlaup (Singel) 
1969 Det sa presten ikkje noko om / Tida går (Singel) 
1969 Ingen veit / Huset på haugen (Singel) 
1976 Pakta / Då Daniel drog (Singel) 
1978 Å du å du / Sett deg i armkroken min (Singel) 
1981 Eg dreg med morgonflyet / Utviklingen (Singel) 
1984 Bymann og stril (EP) med Ove Thue 

Melodi Grand Prix bidrag 
1965 Jenteord med Per Asplin 

Medvirkar 
1965 Trubaduren kommer. Vokal, gitar 
1968 Medaas i 4 akter (Livealbum). Vokal, gitar 
1969 Dar kjem duoen. Vokal, gitar 
1975 På lykke og fromme. Vokal, gitar 
1976 Vårteikn. Vokal, gitar 
1978 Å du, å du! Vokal, gitar 
1982 Kyss meg på mandag. Vokal, gitar 
1984 Bymann og stril (EP) Vokal, gitar 
1987 Ansikt til ansikt. Vokal, gitar 
1989 Sjeldne typar. Vokal, gitar 
1992 Kari & Ivar Medaas Gull (Samlealbum). Vokal, gitar 
1995 Langs fjorden. Vokal, gitar 
1998 Jul i norske stuer (Samlealbum). Låtbidrag 
2000 Norske viseperler (Samlealbum). Låtbidrag 
2005 Norske 60-tallshits (Samlealbum). Låtbidrag 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no