| 
Natur
 Sjøfuglreservat i Fedje kommune 
 (08.04.2007) 
Naturområda våre blir i aukande grad utsette
for inngrep av ulike slag. Menneska har dei siste 100-150 åra påvirka
naturen sterkt med hensyn til jakt og fangst med effektive våpen,
forureining og endringar i måten å bruke areala. 
 Nedanfor finn du oversikt over dei 3 ulike sjøfuglreservata
i Fedje kommune. 
 Hellisøy 
 Hellisøy har vore naturreservat sidan 1987 og
har den viktigaste hekkekolonien for gråmåse på Fedje.
Undersøkingar viser at i rimeleg gode år kan det ha hekka
meir enn 100 par gråmåse her. Ferdselsforbod 15.05-31.07 
 Sekkjedalstjørn 
 Naturreservatet vart oppretta i 1987 gjennom verneplan
for sjøfugl, men i dag hekkar det mest ingen sjøfuglar her.
På 1980-talet kunne ein her finne Hordalands største hekkekoloni
av hettemåse. Ferdselsforbod 15.05-31.07 
 Litle Frilsøy ++ 
 Ferdselsforbod 15.05-31.07   |