Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn of Fjordane
Møre og Romsdal
Bergen
Attraksjonar
Håkonshallen

    

 
Håkonshallen
Forfatter: Scandion
Publiseringsdato: 23.05.2005

Då Håkonshallen stod ferdig i 1261 var Bergen Noregs største og viktigaste by, og Håkonshallen var sjølve maktsenteret - som Noreg vart styrt frå. 

Håkonshallen vart reist mellom 1247 og 1261 på området som seinere vart kalla Bergenhus Festning. 


Biletet syner Håkonshallen før 1944. 

Hallen er eit av dei prektigaste bevarte byggverk vi har frå norsk middelalder og er sannsynlegvis den største av to steinhallar som Håkon IV. Håkonsson (1204-63) let reise ved Kongsgarden i Bergen. 

I Håkonshallen, som er bygd av gråstein i kistemur med arkitektoniske detaljar i kleberstein, bur det mykje historie. 

På midten av 1200-talet, fekk Noreg sin første hovudstad : Bergen - og her vart truleg den første lova som gjaldt for heile landet skrive. 

Kongelig residens og festlokale 
I øverste etasje var det ein stor gildesal med kongens høgsete ved nordre tverrvegg; mellometasjen var for administrasjonen, kanselliet (kongens råd), mottagelserom og privatrom - og kjellaretasjen var forrådskammer. 

Bryllaup 
I 1261 vart Håkonshallen første gong brukt til både kongeleg bryllaup og kroningsfest. Bryllaupet stod den 11. september mellom Håkon sin son, Magnus Lagabøte, og den danske kongsdottera Ingeborg. Seinare vart det halde fleire bryllaup i Håkonshallen som knytta band mellom kongehus i vår del av Europa. 

Restaurering 
Håkonshallen mista sin funksjon på 1300-talet og på 1600-talet vart den gjort om til eit forsvarsverk. Hallen vart brukt til mykje forskjelleg; både som kornsilo og kyrkje for slavene på festninga. Under dansketida vart bygningen brukt til lager. 

Håkonshallen, som vart innreia til magasinhus i 1683, vart først restaurert i midten av 1870-åra. Det var malaren J.C. Dahl som tok initiativ til å få Håkonshallen restaurert - et arbeid som kom i gang i 1873 etter teikningar av arkitekt Chr. Christie. 
Arbeidet var fullført i 1895. I 1910-16 vart den utsmykka med Gerhard Munthes veggmaleri, møblar og tekstilarbeid. 

Eksplosjon og storbrann 
Under eksplosjonsulykka på Vågen 20. april 1944 fekk Håkonshallen store skader. Berre dei tjukke steinveggane stod att. Eit nederlansk fartøy, ?Voorbode?, lasta med dynamitt for tyskarane, eksploderte klokken 8 om morgonen. 102 personar døydde og 4.800 vart skada. Etterforskninga viste av brannen ikkje var påsett. Eksplosjonen var så kraftig at ein del av ankeret vart slynga heilt opp på Sandviksfjellet, og metallstykket er i dag bolta i fjellet saman med ei bronseplate. 

Etter omfattende restaurering vart Håkonshallen opna i 1961. Synnøve Anker Aurdal, Ludvik Eikaas og Sigrun Berg stod for utsmykkinga. 

Når hallen i dag vert brukt som representasjonslokale er det bordplass til 300. Ved konserter og liknande arrangement er det sitjeplass til 500. 

Det er Bryggens Museum som i dag administrerer Håkonshallen. For Festspela i Bergen har Håkonshallen gjennom mange år vore ein av dei viktigaste arenaene. 

 
Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no 
Webredaktør: Magne Opdal