Hovudside
Rogaland
Hordaland
Sogn og Fjordane
Møre og Romsdal
Austrheim
Lokalhistorie
 

    


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

 

    
Rongevær - eit øysamfunn i krig
Forfattar: Scandion

Arnfinn Haga har nemnt Rongevær i sine tidlegare bøker, men i boka «Rongevær - et øysamfunn i krig», gjev han ein eigen framstilling av hendingane i dette utværet som vart så viktig i okkupasjonsåra. 

Øysamfunnet Rongevær ligg lengst vest i Austrheim kommune, nokre mil nordvest for Bergen. Frå øyar og holmar har folk god utsikt til hovudskipsleia, som samtidig er innseglingsfjorden sørover til Bergen. 

Den første krigssommaren 1940 oppretta frakteskipper Hilmar Langøy, saman med nokre kamerater i Rongevær, «rute» til Shetland for både «byfolk og bønder» som flykta den vegen, og mot slutten av krigen hadde kutterbasen på Shetland forbindelse med Rongevær. 

Boka fortel om nokre uhyre dristige pionerturar i åpen sjø og om ein radiosender i Secret Services teneste som ein periode opererte nettopp frå Rongevær, med god hjelp av fiskaren Rasmus Krossøy. Det oppsto fleire dramatiske episodar, ikkje minst då tyskarane begynte å sirkle inn sendaren. Til slutt måtte Rasmus og familien også la seg frakte over Nordsjøen. 

Arnfinn Haga (født 1936 i Sagvåg på Stord) er kjent for sine 26 sakprosabøker om nordmenn under andre verdskrig, og han vart i 2003 tildelt Kongens 
fortenestemedalje i gull for sitt forfattarskap. Kongens fortjenstmedalje i gull er den 8. høgaste norske dekorasjonen, etter Krigskorset. 

Arnfinn Haga arbeidde som lektor i gymnaset fram til 1975 då han vart forfattar på heiltid. 

Bibliografi 
Det regner i fjellet (1974) 
Dette er vinteren (1976) 
Arquebus kaller London (1976) 
Natt på norskekysten (1979) 
Kystens partisaner (1980) 
Da stjernene frøs (1981) 
Jernring rundt Bjørn West (1982) 
Vi fløy Catalina (1983) 
Landgang ved midnatt (1983) 
Klar til storm (1984) 
Er det du, Laurits? (1985) 
Eva. Et kunstnerportrett (1986) 
Da Stein-organisasjonen ble sprengt (1987) 
Måne over Øygarden (1988) 
Operasjon Ravnen (1990) 
Mørket var min venn (1991) 
Gå i dekning, Sofie! (1992) 
Aksjon Telavåg (1993) 
Kongens tog kapret (1994) 
Hunden uler mot månen (1995) 
Fristed for fredløse (1996) 
Fiendtlige spor fra kysten (1997) 
Alta bataljon 1940 (1998) 
Valdres 1940 (1999) 
Den store flukten (2000) 
Skygger over Utvær (2001) 
En kutter med flybensin (2002) 
Raidet mot Stordø Kisgruber (2003) 
I mulm og mørke - Fem års kamp mot okkupasjonsmakten (2004) 
Dramaet på Hustadvika (2005) 

Kjelde: 
bokavisen.no 
no.wikipedia.org 
 


 
 

 

Copyright © Scandion, 5986 Hosteland - E-post: mopdal@online.no
Webredaktør: Magne Opdal